St Hans på Huglo

Heiagjengen

Kva er typisk huglarsk?  Jo, entusiasmen for alt som går føre seg på øyo vår!  Her ausa det ner, det sto ein loddrett grå vegg av vatn rundt Leiro, men då bålet skulle tennast klokka 19.30, var “alle” der.  Grillen hadde fått tak av presenning, og salget av mat gjekk som smurt, etter ein halv time låg det berre att ein liten, tørr og sers godt steikt hamburger.  Og bålet som skulle halda heksene, som i kveld rei på kosteskafta sine til Blokksberg, unna Huglo, vart faktisk eit stort og flott og sikkert skræmande bål – det vart i alle fall ikkje sett nokon heks utandørs i kveld.  Riktignok måtte det uvanleg mange kanner med brennbar væske til, men brandt gjorde det.  Ein kort kveld til St. Hans å vera, kanskje fortsatte festen innandørs – då klokka var 21, var det berre to tilskuarar + Huglo.no tilstades.  Me gler oss til Olsok, då vert det nok finver (kanskje).  Men altså:  Det skal meir enn ausregn til for å halda huglarane vekke frå ei St.Hans-feiring!

St. Hans i vegkanten
Jonsok i vegkanten
Det var heldigvis hengt opp presenning

Tidlegare på dagen vart det arrangert fotballkamp på Leirvikestølen. Dette er ofte svært populært, og det vart ikkje noko unntak i år! Dei aller minste spelte kamp på volleyballbanen, medan dei litt eldre var på fotballbanen. Totalt var det over 20 personar som hadde funne fram fotballskoa, og nesten like mange tilskodarar.

Heiagjengen