Strikkekafe i Omnshuset

Huglo Bygdekvinnelag inviterer alle til strikkekafè i Omnshuset mandag 4. september frå kl. 18.30 til kl 20.30.  Det vert sjølvsagt sal av kaffe/te og gode kaker.  Kl. 19.30 kjem Lise Nordfonn og orienterar om det landsomfattande prosjektet Kirkens Bymisjon har, “Strikk et Orange sjerf”.  Dette er eit prosjekt der alle som kan strikka, kan ta del i prosjektet, dersom dei ynskjer det.  Alle kan bruka orange sjerf for å visa merksemd og positiv haldning til  Kirkens Bymisjon si målgruppe.  På kafèen vert det sal av garn til sjerf, med ei enkel oppskrift, til ca. kr. 200,- pr. sjerf.  Det vert òg høve til å vitja Turid sin garnbutikk etter kafèen.

HBKL ynsker alle hjarteleg velkomne!