"The Golden Accolade"

"The Golden Accolade"

Ca. ein fjerdedel av Huglo si befolkning møtte opp då ekteparet Dmitrij Lutziv og Olga Lutziv-Ternovskaja hadde konsert på Huglo skule tysdag kveld. Paret er på Noregsturne, og har allereie besøkt Drammen, Grimstad og Mandal. Jelena i Presthus Art var arrangør.

“The Golden Accolade”

Huglarane fekk høyra klassiske perler frå både kjente og ukjente komponistar. Dmitrij spela piano, medan Olga song, og det var svært vakkert!
Det gamle pianoet på skulen fekk kjørt seg då Dmitrij viste kvifor han har vunne nasjonale og internasjonale prisar, både med og utan kona. Og alle dei frammøtte vart svært imponert over det voldsomme volumet i stemma til Olga.

Huglarane gav paret ståande applaus, og dei fekk høyra eit ekstranummer. Jelena Presthus skraut av publikumet!

Her er eit filmklipp av Dmitrij: CIMG1195.AVI