Til bortebuande huglarar

Springflo!  Bileta er tatt om dagen etter den høgste floa, ca. kl. 13.30, aller høgst sto vatnet om natta, ca. kl. 02.  Dei som ikkje hadde løfta opp eller fortøyd det som sto på golvet i ope naust, ser det antakeleg aldri meir, bortsett frå eigaren av båten som dreiv opp på naboen sin brygge og la seg til der – sjå biletet over.

Men så vert me mint på at vestlandsvåren er like om hjørnet!  Tulipanane står med 5 cm høge spirer, og snøklokkene, som ikkje er redde for litt frost, om det no skulle koma noko slikt, er i ferd med å bløma.  I dag har me hatt 3 1/2 time solskinn!  Vermeldinga for resten av veka går me forbi i stillheit.  Det gjeld å merka seg lyspunkta!