Torskegryte

Skal noen engang spise meg, så håper jeg at det blir deg!

No er gytetorsken her!  Fersk torsk med rogn og lever eller utan lever er sjølvsagt uslåeleg godt, men det er godt med litt variasjon òg.  Og kanskje er denne meir barnevenleg, ungar plar lika saus?  Og fisk utan skinn og bein, for her skal torsken fileterast og delast i passende stykker.

I botnen av gryta kan du ha ein liten smørklatt, og så krafta frå ein boks reker – eller litt vatn og ein fiskebuljongterning, eller vatn og fiskefond frå flaske – kva du har for handa.  Oppi her har du fisken.  Så piskar du saman omlag 1/2 kartong matføyte med ein halv eske rekeost, over det heile riv du omlag ein liten tommelfinger ingefærrot du har tatt skalet av fyrst  (ein 1/2 finskåren  rau chili UTAN FRØ skadar heller ikkje), hell det i gryta og la dette trekkja til fisken er ferdig.  Det smakar godt med ris og sukkererter til, men ein grov potetstappe er òg godt for dei som berre må ha poteter kvar dag.

Til potetstappa skreller du ei passe mengd poteter, deler dei i to, har dei i gryta saman med lite vatn og eit par-tre-fire fedd (eller ein heil kinesisk) kvitlauk.  Kokar til potetene er møre, hell av vatnet og  stapp litt grovt.  No har du i salt, ein liten smørklatt, resten av matfløyten og litt mjølk, vil eg tru.  Og så finn du fram handmixaren og piskar luft inn i stappa, den vert som ei luftig sky!  Det er noko anna enn potetstappe frå pose, det, berre sei takk for dei rosande orda du får frå spisegjestene.

Og rekene?  Dei har du i fiskegryta akkurat idet du set henne på bordet – rekar må ikkje koke, då vert dei seige.  God torskemiddag!