Tradisjonell start på påskeuka

“Alle” (nesten) var der, i alle fall like mange som totalt innbyggjertal på Huglo.  Tydeleg er det at denne basaren òg er start på påskeuka for hyttefolk og besøkande, ikke berre for huglarane sjølv.

 

Prosten vår, Theodorsen, hald påskeandakt, og som ei ekstra overrasking, hadde han med seg trekkspelet sitt og spela til songane.

Per Inge fortalde om kva som var gjort med Bedehuset siste året for tilskott og basarpengar, mykje gjort på dugnad.  Inngangsdøra imponerte, den var slipt og olja og skein vakkert i sola.

Åretrekningar er visst like spanande som både tipping og Lotto.  I alle fall kom det inn ca 34.000 kroner til drift av Bedehuset.  Og like viktig som åretrekningane var det å møtast og ha god tid til å prate over kaffekoppen og den gode heimebaksten.  Støynivået var hyggeleg høgt innimellom programinnslaga.  Ein god start på påskeuka!

Og på Skjærtorsdag er det gudsteneste i Bedehuskapellet.

                                  

                                   Fyrste gong på basar

     

                                   Alle generasjonar møtast på Huglo