
Vekk med deg - her rår me grunnen!!
Ein ting er at foreldresvanene har skubba ungane over reirkanten, no tenkjer dei på vår og neste generasjon og ungane møtar fram til mat åleine. Verre er det at dei to turtelduene (turtelsvanene?) har fått ein rival til ein av dei – alt etter kjøn – huglo.no sin utskremde er ikkje ekspert på området. I alle fall vert inntrengaren handfast (vengefast) jaga om han/ho kjem for nær både matfat og dei to faste huglarane.
Ein god ting er det med intrengaren: “vår” svane vert so oppteken med å jaga nykomaren, at endene tør ta for seg av maten snille huglare gjev dei. So i dag, laurdag, var det fleire enn svanane som hadde ein festdag!