Tur til Stordø Kisgruber

Tårnet
Stordø Kisgruber - Informasjonstavla

Laurdag 14. april arrangerer Huglo bondelag tur til gruvene på Litlabø. 

Stordø Kisgruber var i drift frå 1911 til 1968.  Vernelaget for Gruo har ved iherdig dugnadinnsats over ein del år klart å rekonstruere ein del av gruvejernbanen m.m.  Dei har lagt ned eit stort arbeid, og dei jobbar for fullt med prosjektet “Eit levande gruvemuseum”.

Dette vert ein spanande tur.  Vi får informasjon om Litlabøsamfunnet og om sjølve gruva.  Det blir togtur inn i fjellet og vandretur der.  Så blir det omvising i det gamle heistårnet.

Omvisingen varer ca. 2 – 2 1/2 time.  Prisen er kr. 200 pr.person.  Turen er open for alle.  Vi drar frå Huglo med ferja kl. 10.45.  Påmelding til Erik Willgohs, tlf. 90145359 innan 1.april.

"Gruvearbeidaren"Tårnet