Tur til varden

Karma tek ein velfortent kvil i sekken

38 turglade vandrarar tok turen opp på Huglo sitt høgaste fjell denne palmesøndagen. Det er tradisjon tru, at Huglo idrettslag arrangerer tur til Varden kvar palmesøndag. Både huglarar og tilreisande møtte opp, veret såg ikkje ut til å vere til hindring. Regnklede og støvlar vart tatt fram saman med appelsin og kvikk lunsj. På toppen vart det laga bål slik at ein kunne varme pølser og liknande. Kven treng vell sol då? Varden har no truleg hatt sin yngste besøkande. Karma på 10veker gjekk til toppen, men valgde ein plass i ryggsekken på veg ned. Sjeldan passar vell uttrykket 2ut på tur aldri sur” betre! :)

Karma tek ein velfortent kvil i sekken