Turorientering

Eg fann, eg fann!

Det ser ut til at det vert ein stund til me kan dra på holmetur med badebukse og niste.  Då er turorientering eit godt alternativ!  Litt regn gjer ingenting, berre prøv sjølv.  Utstyr deg med kart (det får du kjøpt på Huglabutikken eller kontakt huglo.no, tlf. 41334436), kompass om du har, og gode, tette gummistøvlar.  Ta med ungar, ven(ar), hund, eller gjev deg sjølv tid til å berre vera deg åleine, og sett igang.  Har du opplevd gleda ved å kunna ropa:  “Her er den” – vera fyrstemann i følget som ser det orange og kvite flagget der posten er, eller berre smila stort med deg sjølv:  “Yesss!!”.  Sjansen er der for at du er både våt og skitten når du kjem heim – men òg nøgd med deg sjølv og kanskje med glade ungar:  “Me fant posten!  Når skal me gå neste gang?”

Rekordåret 2009 var det 152 personar som hadde sett namna sine på pappbiten som ligg i glasene.  Vert det enno fleire i år?