Turorienteringa 2017

På post 3

Høyrer du til dei som var ivrige i fjor og  har venta på ein oversikt over resultatet?  At det har tatt tid, har nok noe å gjera med at heile 146 deltok, og da vart systemet med å skriva seg på ei liste, for dei som skulle telja opp og laga statistikk, utrolegtidkrevjande.  Som årets orienterarar veit, skriv ein no berre navnet sitt på ein lapp på posten, forklarar formannen i Huglo Idrettslag, Lars Olai.

Men altså:  av dei 146 som tok ei eller fleire eller mange postar, var det 8 som fann alle 24.  Og det var ikkje postane i det krevjande terrenget i fjellet på Nordhuglo som var dårlegst besøkt, på post 24 var det 29 namn.  Derimot, på post 3 sør på øyo, var det berre 17 namn.  Tok du berre ein post?  Heilt greit, du er ikkje aleine om det!

Husker du kor mange poeng du har?  100% – alle postane – er 124 poeng.  50 – 75 % gjev bronsemerke, 75 – 90 % gjev sølv, og 90 – 100 % står til gull.  Vil du ha merket ditt, kan du ringa Lars Olai, tlf 413 27 379 og avtala – evt sjekka kor mange prosent du står med.

post 5

Me som frydar oss over å finna postane, om det så berre er ein i året, takkar og bukkar til dei som tek arbeidet med å leggja postane på kartet og ut  i terrenget, og så rydda dei bort igjen når hausten kjem.  Me kan jo støtta dei  med ein årskontingent!