Turorienteringa

Post 19 - her er den!
Post 19 - her er den!

No er tida inne for fine turar i marka!  Før alt veks til og gjer det vanskeligare å brøyta seg veg gjennom høgt gras.  For ute i terrenget er det framleis ikkje så grønt – hjorten beitar framleis i flokkar på heimebøane på Nordhuglo (på Sørhuglo har bøndene laga seg 2 meter høge hjortegjerde for å få ha graset sitt i fred, så hjorten finn no føda si nord på øyo).  Postane i år er noko for einkvar smak og fysisk form og uthald, og alle som har prøvd, kjenner gleda ved å kunna ropa: “Her er den!” når ein får auga på det hvitogoransje flagget og glaset med liste og blyant.

På biletet har ein turgjengar funne post nr 19, då hadde allereie 18 personar skreve navnet sitt på lista og fleire vart observert på veg.  Dersom du vil ta post nr 9 og kjem sørfrå:  ikkje gje opp, han er der du tror, berre litt godt gjøymt frå sørsida.  Og til nokon postar kjem du lettast med båt og berre ein kort tur i land.  Men alltid har du eit mål med turen (kanskje dørstokkmila vert litt kortare?) og så den gode kjensla og gleda når du ser du har kome til rett stad.  Og sjølvsagt sjansen til å vinna ei Kvit Dama, sjølv om du berre rekk ein post – som ein familie frå Asker opplevde etter ein einaste post for eit par år sida.