Takk til dei som legg ut postane – og hentar de inn igjen til hausten så me får ny spenning kvart år. No er alle postane ute for i år. Kart får du kjøpt på Huglabutikken for kr 250, WIPSnummeret står på konvolutten. Alle som skriv namnet sitt på ein eller fleire postar, er med i trekninga om ei Kvit Dame (blautkake for dei som ikkje er heilt lokale).
Det er medlemmar av Huglo Idrettslag som lgg tilrette for turorienteringa. Du må ikkje vera medlem av idrettslaget for å kjøpe kart og ta del i orienteringa, men det ville jo vera ein måte å støtte idrettslaget på. Da kan du óg bruke treningsrommet i Bygdahuset og kaiakkene på kaien på Nordhuglo. Kontingenten er kr 300 pr år, no betaler du på sida www.minidrett.no.






