Ut på tur

Kjelda i Kvernavikjo

Kjelda i Kvernavikjo
På veg til post 3 i turorienteringa, går me forbi denne kjelda, den som gjer karar som drikk av den, sterke og staute, og kvinner særs fruktbare. Kanskje skulle me ta en sup sjølv om me ikkje akkurat treng forbetring på dei nemde områda – berre som sikringskost? Og om litt finn me post 3, den har vore så populær at rekkja av namn er lengre enn på nokon annan post. Så har me seinsumaren og hausten igjen til dei lengre turane på Nordhuglo. For oss som ikkje høyrer til orienterings- og tureliten, er det vel dei postane som står att. Me får sjå om det vert ver og tid til dei, dei krev ein ekstra innsats! Kanskje me skulle laga ei turgruppe for middels spreke orienterarar?

Post 3