Varden opp i blautmyr og sol

14 sprekinger starta mot Varden i sol og 24 grader, 10 vaksne og 4 i barnegruppa, som varierte i alder frå 12 år til 17.

 

 

 

 

Starten

Ein av dei vaksne sprang feil veg og fekk ikkje tellande tid, men alle fullførte, sjølv om det var overraskande vått undervegs og tyngre å løpa enn vanleg.  Det vises på på tidene, Hanne Namsvatn vann vaksenklassa på 18 min 23 sek, ca. 4 minutter under rekorden satt i 2018, Mathilde Caldwell, 15 år gamal, vart klokka inn på 21;53.

Bravo og gratulerar til vinnarane, og bravo og gratulerar for fullført løp for alle 13/14!!  Alle fekk seg ein velfortjent iskrem, og så var det heim i dusjen.  Me meire vanlege folk er stumme av beundring for folk som vil seg så vondt at dei kappspring opp til Varden.