Varden opp!

Huglo idrettslag arrangerer turløp til Varden søndag 1. august. Starten går frå Vikasanden. Dei som går, startar kl. 12.15. Dei som spring på tid, startar kl. 13.00. (Betalar 30 kr.)

Det vil vere ein dameklasse og ein herreklasse. Flotte premiar til dei raskaste!

Ferje frå Jektevik kl. 11.45, og tilbake frå Nordhuglo kl. 14.40 og 15.55.

Me lagar bål og sel brus og kaffi på toppen.