Vårsildfiske

Eit garn set i rett tid og på rett plass, og så vart mange glade for å få sild, mykje sild!  Nokon fekk ein heil stamp (ein fekk to stampar) og for nokon var eit par steikesild nok.  Aller gladast var husmora til sildefiskaren:  All silda vart gjeven bort til sildeelskarar, stekt, røykt eller laga til sursild. Måsen Halvor fekk så mange at han let kona si ete ei sild!  Men minken – eller var det måren – som i fleire år hadde fest på røykesilda som hang under taket for å verta i speke, må nok leita ein annan stad i år.  Kanskje.  Det er ikkje utenkjeleg at sildagarnet havnar i sjøen igjen . . . .