Verdas Minste Julegate opna

 

Berre ein einaste butikk i denne gata, verdas minste julegate, kanskje, men då med verdas beste frammøte ved opninga!  45% av innbyggarane på Huglo trossa regn og vind og møtte fram for å høyra korpset spela julesongar, sjå alle lysa i gata og på juletreeet verta tent, og så varma seg på den tradisjonelle gløggen.  2016-11-26-014Også i år vart gløggen kokt på ovn med levande varme.  Kva gjer det då at musikarane må stå inne på butikklageret for å ikkje verta blåst bort, og ein måtte halda handa over gløggkruset for ikkje å få for mykje vatn i drikken?

Folk vart stort sett ståande lenge å prata, spørre nytt, trøyste dei som ikkje følte seg heilt på topp og utveksla invitasjoner til ein kaffekopp i førjulstida.

Og då mørkret seig på, blei julegata verkeleg vakker.  Ho vil vera til glede for alle som skal til butikken eller med ferja heilt fram til neste år.

2016-11-26-027