Vigliv Brandvik

Vigliv Brandvik 71 år.

1.Kor lenge har du budd på Huglo? Eg kom til øya frå Uskedalen sommaren 1956.

2. Likar du musikk? Eg likar all slags musikk. Kristen song og musikk. (kommentar fra Harry: Det røyner på taksteinen når ho spiller musikk.)

3. Kva har du jobba med? Eg er husmor og har jobba i heimebasert teneste i Stord kommune. I ungdommen satt eg på telegrafen på Moster.

4. Har du vert med i lag, foreiningar eller grupper? Ja mange opp gjennom åra: indremisjonen, nordmisjonen, søndagskoleforbundet og fagforbundet. Er og med i ei av de to bibelgruppene som er på Huglo. Sanggruppa “Emmaus” er eg og med i.

5. Har du en hobby? Eg elskar å lese, så det må være min hobby.

6. Noko du huskar godt? Hugsar godt då krigen var slutt, då var eg i Uskedalen. Då var det nokre ungdommar i bygda som heiste flagget kvelden før frigjeringa av landet, dei hadde lytta til radioen frå England.

7. Liker du å lese? Ja, reiseskildringar, bygdefortelljingar, kristen litteratur og romanar.

8. Når får me bru til Huglo? Det veit eg ikkje, men håpar den kjem snart.

9. Kva er favorittmaten din? Det er salta og røykt spekemakrell med kålrabistappe og gode poteter. Då må det vere ei god mjølkesuppe etterpå.

10. Er det nokon du kunne tenkt deg å møta? Kjem ikkje på nokon spesiell.

11. Har du vore på Varden? Ja, fleire gongar.

12. Ein stad du kunne tenkt deg å reise til? Mange plassar, men kunne tenkt og reist tilbake til Israel igjen. Har vert der fem gangor før. Landa rundt det kaspiske hav har eg alltid ønskt å reist til.

13. Kva stod på bordet julaften? Pinnekjøtt med kålrabistappe og tilbehør .Til dessert blei det riskrem.

14. Kva er dine framtidsplanar for Huglo? Eg håpar me kan ha eit slikt godt samfunn som me har i dag. At folketalet aukar og folket trivst og har det bra. Eg er tilflyttar og syns øya er en kjempefin plass å bu på.

Takk for praten Vigliv!

Tekst og Foto: Willy Trøite