Vitaminsprøyte i mørketida

Koret

Som i alle år gjekk me og i år glade og smånynnande heim frå julekonserten med Songlaget Storabuen under leiing av dirigenten deira Torleif Agdestein.  Det meste var som forventa:  Eit stort kor med glade songarar som kan syngja, god mat og utlodning med populære gevinstar.

Lydhør forsamling i pynta gymsal
Lydhør forsamling i pynta gymsal

Songlaget hadde innpå ein time med Beatles-program til stor glede for oss som veks opp med dette bandet (og det var vel dei fleste i forsamlinga).  Ei ekstra julegåve var det at Johanne Engvik Olsen song for oss.  Ho fekk kulturstipendet for 2013 og reiste då frå Stord til Liverpool Institute for Performing Art for vidare utdanning innan song og musikk.

"Huglo "Skulekorps"
“Huglo “Skulekorps”

Og kva meir:  “Skulekorpset” vårt har reist seg som ein Fugl Fønix!!! 10 musikantar spela til allsong av tradisjonelle julesongar under gjestedirigent Heiberg Andersen.  Takk til alle som gjorde dette til ein fin kveld.