VON

Det var frå gamalt av ein tradisjon av huglaungdommane å skriva i “bladet” dei kalla VON. VON var lagsbladet for Huglo ungdomslag. I bøkene finn me stort sett tekstar frå lagsmøta og tilstelningane til ungdomslaget, men også lokale nyhende, dikt, referat, talar, lysingar og mykje “likt og ulikt” frå øya vår.

Tekstane er nedskrivne i bøker. Bøkene gjekk på rundgang blandt ungdommane, og har slik mange ulike forfattarar. Tekstane lesne opp på ulike tilstelningar i Fjellheim. Diverre er det ikkje alltid like godt dokumentert kven som har skreve dei ulike delane. Her ligg det mange “gullkodn” og kloke ord gøymt. Huglo.no vil difor plukka ut nokre av dei.

Tekstane kan gi eit godt innblikk i korleis livet på Huglo var før. Nokre av tekstane viser i alle fall at dei har ein livleg fantasi, då nokre av teksane er rein dikting. Diktet nedanfor er henta frå VON nr. 6, 12 årgang, sundag 1.mai 1932. Underteikna til diktet står “kronblomen”, diverre veit me ikkje kven dette er, men at det er eit flott dikt, det skal vere sikkert. Truleg er det fleire av VON-bøkene som befinn seg “rundt om på bygda”

Smil

Smil til folk og smil til krøter.

Smil til alle som du møter

Smil til høge, smil til låge

Smil til sure, smil til fjåge

Smil til alle verdens kantar

Smil til fine folk og fantar

Smil til gamle, smil til unge

Smil til lette, smil til tunge

Smil i dagens tunge slit

Smil um hunden gjøyr og bit

Er du nokon gong i tvil,

høyr mitt råd og berre smil

ler dei åt deg, berre smil

låtten sluttar utan tvil

Um du trur at alt går skitt,

berre opna munnen litt

og smil.

– Kromblomen