På ein knaus i vasskanten på Huglo sit denne ørna. Der har ho vore i ei veke. Kjem du nærare enn 6-7 meter, flyttar ho seg nokre få meter berre. Er dette ei ung kongeørn som mora har gløymt å læra å passa seg for menneske, eller er ho sjuk? Fiskane ho har fått, er borte neste dag, men det kan jo vera både mink på ferde, eller den vaksne ørna som innimellom sit ca. 200 meter lenger vekke. Det er i alle fall ei uvanleg naturoppleving å sjå ei ørn på så kort hald.
Fotograf er Gudbjørg Grønsdal.