Med bil tar du ferje, og ferja er gratis!

Ferjesambandet Jektevik–Nordhuglo–Hodnanes går i fast rute mellom Stord, Huglo og Tysnes.

Slik kjem du deg til Jektevik:

Jektevik ligg på austsida av Stord, langs E39.

Slik kjem du deg til Hodnanes:

For å kome deg til Hodnanes må du køyre Rv49 over Tysnes langs vestsida av øya frå Våge, eller Fv78 langs austsida av øya frå Onarheim.

Ferjeruter

Ferjeruter finn du hos Skyss.no, Båt og Ferje, ruteheftet side 27 og 28.  Merk at du må lesa begge linjene for Nordhuglo for å finna alle ferjene som går til Huglo.  Du skal finne 8 ferjeanløp, + eit stjernestopp, + eit ekstra anløp på fredager, då les du ruta rett.

NB Tabellen nedafor er forenkla og viser berre dei rutene som går til/frå Nordhuglo:

Gjestehamn

Utanfor Huglabutikken, i Huglavikjo på nordsida av Huglo, er det gjestehamn med straum, dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Drivstoff kan du kjøpa frå bankautomat, eller betala i Huglabutikken i opningstida. Kaileiga er kr. 50 utan straum, kr. 100 med straum. Du kan leggja pengane inn i holet i veggen ved kontakten, eller betala i butikken.