Med sine omlag 90 fastbuande ligg Huglo som ei frodig naturperle midt i inngangen av Hardangerfjorden. Eit flateinnhald på heile 13,4 km2 gjer Huglo til den nest største øya i Stord kommune. Øya har eit levande lokalsamfunn der ein er opptekne av å ta vare på kvarandre og skape ei triveleg atmosfære.

Bøndene på Huglo står for all mjølkeproduksjon i Stord kommune, men mesteparten av dei yrkesaktive innbyggjarane pendlar med ferja for å kome til arbeidsplassane sine. Huglo har eit godt ferjesamband til både Tysnes og Stord, og med den korresponderande lokalbussen er det både raskt og enkelt å komme seg over fjorden til jobb og skule. Barneskuleelevane har dessuten eigen skolebuss frå Nordhuglo kai til Rommetveit skule.  Mildt klima og kalkrik grunn gjev grobotn for eit rikt planteliv. Landskapsvernområdet på austsida av øya har Norges største samanhengande kristtorn- og barlindskog. Her er fotte turmoglegheitar med vidt utsyn over fjord og fjell i vakre Sunnhordland.

Huglo er ein populær stad for ferierande. Enten du kjem med bil, båt eller til fots, er det lagt til rette for at du skal kunne nyte ein fridag eller fleire på øya. På Nordhuglo kan du låne deg sykkel. Langs dei ni kilometrane med asfaltert veg kan du stoppe innom omnsmuseum, fotball- og volleyballbane, turløyper og vakre badestrender. Kjem du sjøvegen er spesielt Vikasanden lagt til rette med toalett, brygge, grill og plass for spel og leik. Det finns òg mange fine naturlege hamner, t.d Kvednavikjo, som er ei perle ved Tveitevågen.