Laurdag då me skulle samla smalen på Tveiteøyane såg me fem ørnar som krinsa over øyane. Me ottas da versta då me såg alle desse store rovfuglane, men heldigvis vart alle sauene og lamma funne friske og fine, medan alle ørnene sat og kvitra i furutoppane ikring oss.
Det fine haustveret i dag, torsdag, lokka til ein båttur. Eg tok fotoapparatet med i von om at eg skulle få sjå ørnene i dag også. Og snart så oppdaga eg dei, no over Litla-Brandvikeneset. Alle fem var der og eg klarde å «fanga» fire av dei. Nokre nærbilete fekk eg også.
Noko finjustering, før du knipsar, vert det ikkje tid til i slike høve. Det er berre å knipsa og ta det som blir.
Tekst og foto: Arne Sortland
Flotte bilder, Arne! Takk for bidrag.
Hedvig