100 år med santalforening på Huglo

Sara Marie og Anna Elisabeth hadde veldig lyst til å synge!

Eit bedehus dekka til fest var det som møtte huglarane og dei mange tilreisande då Huglo santalforening feira 100-års-jubileum søndag.

"Foreningskonene"

Blant dei tilreisande var tidlegare foreningsmedlem, prost Theodorsen, Eli Tveitane og Heidi Rolfsnes. Sistnemnde song fint for publikum, og Eli Tveitane haldt tale og kom med informasjon om arbeidet som foreninga med sine misjonærar gjer rundt om i verda.

Heidi Rolfsnes

Kari Sæter fortalde om dei første kvinnene som grunnla foreninga i 1912. Først var det ei barneforening, men etter kvart vart det for damene, og det var samlingar annankvar veke der damene bytta på å vere vertskap – slik som i dag.
Medan Kari fortalde vidare opp mot nyare tid, vart smila større og større hos tilhøyrarane som hugsa tilbake og kunne kjenne seg att i det ho fortalde og bileta som vart vist.

Som på ei foreningssamling var maten viktig på søndag òg. Kakebordet var fullt med bløtkaker og andre gode deserter.

Sara Marie og Anna Elisabeth hadde veldig lyst til å synge!

Til lukke med 100 nye år!

foto: Arne Sortland