Store og små, huglarar og tilreisande møtte opp på den tradisjonelle 17. mai festen i bedehuset. Alt i alt var det heile 70 stk som kom! I år fekk me besøk av Klaus Muff som haldt tale, og av Judith og Henry Sandhåland som song og spelte gitar.
17. mai fest i bedehuset hadde ikkje vore den same utan all den gode maten! Først er det middag med pølser og potetstappe. Då er det lurt å ikkje ete seg heilt stappmett, for kakene som blir boren ut frå kjøkkenet rett etter middagen er veldig gode!
Konkurranse mellom borda vart det og. Janne og Hilde Eikeland hadde laga til ein mime- og teikne-konkurranse.