17. mai på Huglo

Her gjeld det å sikta godt!

Og så kom endeleg dagen!  Litt regn, litt vind, litt for kaldt – men kva gjorde nå det?  På Huglo var det god stemning heile dagen, med tradisjonell feiring.  Huglo skulekorps spelar så det er en fryd å høyra på (ganske høg gjennomsnittalder på dette skulekorpset!) og til gudstjenesta var det ca. 50 frammøtte – ikkje dårleg for ei øy med ca. 90 fastbuande!  Her er ei biletkavalkade over føremiddagen, festen om kvelden kjem i neste kapittel.

Flaggheising på skulen
Skulekorpsen og Ja, vi eksler
Diverse uniformer i dette korpset
De små en alen lange med spelelæraren sin

Både Huglo sin eldste fastbuande
- og den yngste var med på feiringa
Oppstilling til Toget
Øyvind held tale for dagen
Tilhøyrarane var vel nøgde med talaren
Så var det endeleg matøkt - og loddsal
Etterpå var det leikar. Her er det kø til fiskedammen
- og alle hadde fiskelukke!
Her gjeld det å sikta godt!
Og så var festen over . . .