Dei som les avisa Sunnhordland på nett, fekk med seg alle bileta og reportasjen allereie om ettermiddagen 17.mai. Het kjem litt ekstra for dei som berre les papirutgåva.
Her var gledeleg godt frammøte i finveret. Det er tydeleg at folk savnar å kunne samlast og holde tradisjonar ved like.
Kl. 11 var det flaggheising ved Espen og Harald
Musikken spela til songane, sjølvsagt Ja, vi elsker, og Fagert er landet og Kongesangen
Sigrunn Røssbø held ei innhaldsrik, interessant 17.mai tale der ho fokuserte på Grunnlova, både historisk, og kor viktig Grunnlova er for oss i dag, sett i lys av den politiske utviklinga i Europa.
Så var det tid for å treffa naboane og høyra nytt – noko som det ikkje har vore mykje høve til i denne rare tida. Birk Eikeland hadde på seg Hugla-bunaden mormor hadde laga
Og med helsinga”Hald dere friske” gjekk folk kvar til sitt for å fortsette feiringa i sin kohort.
Me gler oss til neste 17.mai med tog, felles måltid og mange leikar for barn og vaksne!
Brynjar Eikeland Bauge hadde same fine Hugla-bunaden