18.desember

Det var frå gamalt av ein tradisjon av huglaungdommane å skriva i “bladet” dei kalla VON. VON var lagsbladet for Huglo ungdomslag. I bøkene finn me stort sett tekstar frå lagsmøta og tilstelningane til ungdomslaget, men også lokale nyhende, dikt, referat, talar, lysingar og mykje “likt og ulikt” frå øya vår.

Sortland 3
Tekstane er nedskrivne i bøker. Bøkene gjekk på rundgang blandt ungdommane, og har slik mange ulike forfattarar. Tekstane lesne opp på ulike tilstelningar i Fjellheim. Diverre er det ikkje alltid like godt dokumentert kven som har skreve dei ulike delane. Her ligg det mange “gullkodn” og kloke ord gøymt. Huglo.no vil difor plukka ut nokre av dei.

Tekstane kan gi eit godt innblikk i korleis livet på Huglo var før. Nokre av tekstane viser i alle fall at dei har ein livleg fantasi, då nokre av teksane er rein dikting.

VON Nr12, Tysdag 26 desember 1932, Aargang 12

Jolenissen
Det var seint jolaftans kvelden eg var paa veg heim. Best som eg gjekk aa ante fred og ingen fåre, kvakk eg til av noko graatt som smatt tvers over vegen. Eg tykte det var den gamle graa bjøllesauen var heime og vilde av stad aa faa han med meg heim. Burte imellom nokre store stienar, komeg so ner at eg greip atter det, og fekk tak i noko mjukt. Eg trudde det var ulli til sauen. Men som eg stod og sleit og vilde faa han fram, høyrde eg noko som let so saart. ”ai, ai. ” sa det. ”du må ikkje vera so fæl med meg”. Eg heitna og kolna der eg stod. Kva i allverda var dette for noko trollskap då? Jau, dermed fekk eg sjaa ei raud topplua som stakk upp mellom steinarne. Daa tok eg til aa forstaa kva det var for ein kar, eg hadde fyre meg. Det var jolenissen ”snilfr dig ba han”. var snilde og hjelp meg. Eg har satt meg fast millom to steinar og kjem ikkje laus. ”Snilde deg hjelp meg, og eg skal koma deg i hug seinare. Eg var ikkje verre paa det, eg tok tak og rykte til. Og jamen meiner du ikkje eg kom dragande fram baade med nissen og sekken hans. ”du allverdi for ein diger sekk du har daa,” sa eg. Han var som den digraste torvsekk. ” kva hev du i den daa”? Aa det er mangt det. no skal du berre høyra. Eg er no paa veg rindt heile øyi og skal dela ut mine gaavor til vonde og gode. Fyrst gaar eg til Haukanes til han Engel han skal faa ei storsild paa voni um han ikkje skule faa fleire i vinter. Han Laurits skal faa seg i diger tvåra til aa røra i ertergryta med.
Johan Brandvik skal faa seg en hummar til jul, eg veit det er ei vara han sjeldan ser noko til. Kaare Brandvik skal faa seg ein kavring til aa sjerpa appetitten med. Derifraa gaar eg til Tveit til han Elleing. Han skal faa seg eit par sylteøyro, som han og kan bruka som notøyro. Han Erling paa Tveit skal faa seg eit apparat til aa taka upp lydfiler med. Naar han so til våren kjem or fiskje vil dei få innstalera lydfilm i Fjellheim, so de kann få vita korleis livet aratar seg i ei notskøita vinters dag. Georg Hopa skal få seg eit par smedauga. Men Andreas Torbjørnsen skal få ei toppbøna. Birger Sørhuglo skal få seg ei diger eikeklubba til å verja seg mot vonde vetter med. Elias Røsbø skal få seg ei framandordborg til han skal rekna gjenomsnitsjøreisen paa sildi. Sigmund Røsbø skal få eit rumpetroll so han med tidi kan ala seg til ei Padda. Olav Røsbø skal få seg ei mark grønsopa som kan koma vel med. Erling Røsbø ska få nokre dråpar på eit glas, som er godt for jentelukka. Marie Solbakken skal få seg ei kaffikvern som det og gåa an å mala peppar på. Olav Brundtveit skal få seg ein spelemann med ei snor til å hengja um halsen.
Her ser du, eg har alt i denna sekken so du skal ikkje undrast at han er tung og stor. Men det der då? Det som ligg att på botnen der, kven skal få det då? Aa dæsen det hadde eg ner gløymt. Det er ei aaleteina. Den skal Anders Haukanes hava til eit førebilete. Soleis ser du eg gaar og spreider mine gaavor til vonde og gode. Og eg er yvertydd um at det fell i god jord kvar eg kjem. Men no har eg ikkje stor tid aa prata i eg maa skunda meg skaleg naa fram i rett tid. Du maa hava tak for hjelpi. God Jol!

(bladstyrar T. Lunde)