Det er kanskje nokre som kjenner att dette biletet? huglo.no har hatt fleire julekalendarar med ulike spørsmål. Her finn du spørsmåla til julekalenderen frå 2010.
1. desmeber: Kva år vart ferjestø bygd på Nordhuglo ?
2. desmeber: Kva år blei ungdomshuset Fjellheim bygd ?
3. desmeber: Kor høg er Sjønhammer ?
4. desmeber: Kva år køyrde mjølkebilen i grøfta i Løken ?
5. desmeber: Kva år vart Huglo Skulekorps starta ?
6. desmeber: Kva år fekk Huglo eige brannkorps ?
7. desmeber: Kva år vart bedehuset på Huglo bygd ?
8. desmeber: Kva år vart koren i bedehuset på Huglo innvigd, slik at bedehuset kunne brukast som kyrkja ?
9. desmeber: Kva år flytta Sortlands Møbelfabrikk frå Tveitevågen til nye lokaler på Tongjen ?
10. desmeber: Kor mange gongar i året får Huglo besøk av bokbåten Epos ?
11. desmeber: Kor mange innbyggjarar var det på Huglo i 1960 ?
12. desmeber: Kven køyrde den fyrste bussruta på Huglo ?
13. desmeber: Kva år vart Futastova flytta frå Sørhuglo til museet på Leirvik ?
14. desmeber: Kor mange “saugabønde” er det på Huglo i 2010 ?
15. desmeber: Kven eigde den fyrste bilen på Huglo ?
16. desmeber:Kva år vart gymsalen på Huglo bygd ?
17. desmeber: Brannstasjonen på Huglo stod tidlegare ein annan stad, kvar ?
18. desmeber: Kor mange ungar i alderen 0-16 år var det i 1995, som budde i byggefeltet Skarvane på Huglo ?
19. desmeber: Kva år vart noverande skule bygd ?
20. desmeber: Kvar vart det halde undervisning for småskulen medan den nye skulen / den noverande skulen vart bygd ?
21. desmeber: Kven var den heldige eigaren av den fyrste traktoren på øya (Huglo) ?
22. desmeber: Kor mange skjulte radioar var det på Huglo under 2. verdskrig ?
23.desmeber:Kor mykje veg på Huglo er asfaltert ?
24.desember:Kva år var det gudsteneste for fyrste gang på julafta i staden for fyrste juladag, på Huglo ?
FASIT
1. Ferjestø på Nord Huglo vart bygd i 1967.
2. Fjellheim blei bygd i 1931.
3. Sjønhammer er 112,66 moh.
4. Mjølkebilen havna i Løkjen i 1973.
5. Huglo Skulekorps vart danna i 1974.
6. Huglo fekk eige brannvesen i 1975.
7. Bedehuset vart bygd i 1911.
8. Koren i bedehuset vart innvigd i 1937.
9. Møbelfabrikken flytta frå Tveitevågen i 1964.
10.Bokbåten vitjar Huglo to gongar i året.
11. I 1960 var det ca. 220 innbyggjarar.
12. Johannes Nordtveit køyrde den fyrste bussruta på Huglo.
13. Futastova blei flytta til museet på Leirvik i 1946.
14. I dag, 2010, er det 9 “saugabønde” på Huglo.
15. Den fyrste bilen på Huglo tilhøyrde Arne Sørli.
16. Gymsalen vart bygd i 1982.
17. Brannstasjonen stod tidlegare i Sagvåg.
18. I 1995 var det 16 ungar i alderen 0-16 år som budde i byggefeltet Skarvane.
19. Den noverande skulen vart bygd i 1953.
20. Småskulen haldt til i bedehuset under bygginga av den noverande skulen.
21. Den fyrste traktoren på Huglo var eigd av Ole Rydland.
22. Under 2.verdskrig var det tre radioer skjult på øya.
23. Det er 9,6 km asfaltert veg på Huglo.
24. I 2005 var fyrste gang det var julegudsteneste på julafta.