Det var frå gamalt av ein tradisjon av huglaungdommane å skriva i “bladet” dei kalla VON. VON var lagsbladet for Huglo ungdomslag. I bøkene finn me stort sett tekstar frå lagsmøta og tilstelningane til ungdomslaget, men også lokale nyhende, dikt, referat, talar, lysingar og mykje “likt og ulikt” frå øya vår.
Tekstane er nedskrivne i bøker. Bøkene gjekk på rundgang blandt ungdommane, og har slik mange ulike forfattarar. Tekstane lesne opp på ulike tilstelningar i Fjellheim. Diverre er det ikkje alltid like godt dokumentert kven som har skreve dei ulike delane. Her ligg det mange “gullkodn” og kloke ord gøymt.
Tekstane kan gi eit godt innblikk i korleis livet på Huglo var før. Nokre av tekstane viser i alle fall at dei har ein livleg fantasi, då nokre av teksane er rein dikting.
VON Laurdag 14 oktober 1933
Frå ein friartur til Huglo.
Det er kome brev fra ein friar som bad bladet ”Von” taka inn eit lite rim.
Ein laurdagskveld eg baaten på sjøen reiste, eg til gjenta mi reiste. Sørhuglo eg baaten la, og til _NordHuglo det bar av stad. Gjentor eg traff i flokkar og rad, men gjenta mi heime sad. Eg kom til den gard, tvo hus der var. Her traff eg mi gjenta, me lo og sjemta. Klokka blei tvo, me gjenta sa du må ro. Vegen var lang, eg tok i å sprang. Då eg kom til ei grind, fekk eg sjå båten min. eg tenkte som so, hev her vore flo. Men han ligg jo med fulle seil, så de må vera feil. Baaten eg på sjøen fekk, fort eg rodde vekk. No eg Hugla gutane spørja vil, um dei synest dei eit karstykke fekk til.
Hilsen fra ein friar.
Bladstyrar Martha Eikaas.
I tresko
Det er kje jamt ein høyrer fagre
ord um tresko
og lell, dei beste skoa som er på jord
er tresko.
Du aldri kjenner deg sår og arm
og stødt er foten din god og varm
i tresko.
Ja beste skoa som på jord er til
er tresko.
Din fot fær veksa just som han vil
i tresko.
Um du gjeng vikor, år og dag
aldri kjenner du sår og gnag
i tresko.
Og derfor eg likar meg altid godt
i tresko.
Ja, beint eg tykkjer meg fin og flott
i tresko.
Du som går og strevar på høgan hæl
du skulde sjå ”kor du kjente dig vell”
i tresko.
Det er kje fint nok slik mange trur
med tresko
og sant du bør ikkje standa brur
i tresko.
Men so til kvardags, i tun og gard
du finn den trugnaste beste kar
i tresko.
Og høgt skal ærast kvar arbeidsmann
i tresko.
Som trufast byggjer sitt fedreland
i tresko.
Den som skal anna og yrkja si
der før vaks eik strå skal veksa tvo
han treng tresko.
So klårt i minnet eg ser han far
i tresko
i villmark rydja han seg ein gard
i tresko
Han grov på veiter og sprengde stein
og bygde kona og born ein heim
i tresko.
Og difor eg meg likar vel
i tresko.
Men hug er ljos, eg er glad og sæl
i tresko.
Eg bryt upp åker og brenner lyng
og trallar, sullar og kved og syng
i tresko.
Du måkje tru at eg difor hev
berre tresko.
Og at eg stødt nedi moldi grev
i tresko.
Nei, du skal sjå når eg klær meg som best,
og går til kyrkje og Huglo på fest
utan tresko.
Etter a.s
Bladst. Birger Johannesson.