Etter fleire månader med arbeidsbrakker på kaia og stengt parkeringsplass, nærmer det seg slutten på arbeidet med å byggja ut for at ferja skal få eit trygt akterfeste. Sjølve hovuddelen liknar for tida på ein oljeboringsplattform, men det manglar framleis eit stykke landgang ut, og rekkverk både på landgangen og sjølve “plattforma”.
Fyrst kom store røyr, ca 80 cm i diameter, som skulle verta bein til “plattforma”. Så vart det oppdaga at ein eller annan hadde målt feil, røyra var for korte. Nye røyr måtte til, dei vart kappa i høvelege lengder og sveisa på dei som allereie var på plassen. Heldigvis var arbeidet då dei store metallrøyra vart HAMRA ned i grunnen, ferdig på nokre dagar. Elles hadde nordhuglarane måtta gå til kollektivt innkjøp av høyrslevern. Den dagen Ølen Betong kom med støyp, var det travelt. 17 betongbilar, nokon med 8 kubikk betong og nokon med 10 kubikk, kjøyrde fram og tilbake med ferja. No er forskalinga på plattforma tatt av og støypen pakka inn for ikkje å turka for fort (ein stoler ikkje på å få nok regnver!) , så kanskje vert det innviing 1. november, som var planlagt?
Her vert ein fin plass å stå og fiske! – når ikkje ferja treng plassen sin.