“Alle” var der

Få varmegrader og sur nordavind hindra ikkje huglarane frå å vera med på tenning av julegrana og opning av verdas kortaste julegate.  Musikken spela, (då gjekk det nok mange tankar til Albert) og der vart servert deileg, varm gløgg, og pepperkaker.  På tross av nordavinden opplevde dei frammøtte “mykje lys og mykje varme”.  God førjulstid til alle!