Grunna gjeldande restriksjonar for gjennomføring av arrangement vert heller ikkje årsmøtet gjennomført slik me vanlegvis gjer det. Styret ynskjer likevel å gjennomføre årsmøtet som planlagt. Det vil bli påmelding til årets årsmøte. Dersom du ynskjer å delta på årsmøtet sender du mail til huglobygdelag@gmail.com. Her vil “først til mølla” prinsippet gjelde då det er restriksjonar på kor mange det er lov å samle.
Styret i bygdelaget ynskjer å gje alle mulighet til å delta på møtet ved å sende digitalt. Dersom du ynskjer å sjå bygdelagsmøtet digitalt sender du mail til bygdelaget på huglobygdelag@gmail.com. Hugs å skrive i mailen om du ynskjer å møte på møtet eller sjå møtet digitalt.
Trekkinga av lotteriet vil bli gjennomført på møtet. Referat frå årsmøtet samt resultat av loddtrekking vil bli publisert på huglo.no i etterkant av møtet. Eventuelle spørsmål, kommentarar eller saker til styret kan sendast til huglobygdelag@gmail.com