På Huglo kan du ha høns – og enda til hane! (Det kan du ikkje i ein tettstad, haner kan vera ganske høgrøysta). Har du hane, vert det kyllingar dersom du let naturen gå sin gang. Rugehøner vert veldig gode hønemødre, dei varmar og oppdrar kyllingane til dugelege borgarer i hønseflokken. Men i dette høve døde hønemor då kyllingane var 2 dagar gamle og temperaturen om natta var 2 grader. Då må ein vera raus og dela det beste av varme ein har med dei små dunungane. Så nå bur det tre kyllingar på oppvarma badegolv, dei kvitrar og flaksar, et – og skit. På Huglo kan ein ha mykje moro ein ikkje finn i ein by!