Det har vore på tale å samla anekdotar frå Huglo – dei episodane som dei eldste fortel kvarandre kvar gong dei treffast. Desse fortellingane kjem til å verta borte dersom ingen tar vare på dei.
Sigrun fekk ca 1998 Torvald Heggland , (1917 – 2003) til å fortelja om sin barndom på Nordhuglo. Her er noko av det han fortalde om Anna Agdestein, “Anna i Haugen”:
Ein gong kom Anna og henta meg, no måtte eg vera med henne. For no hadde Gråduo, kyra hennar, begynt å “tenka på ein ven, ein rektig staskar, med ruffen, svær manke, med ring i nasen og kjetting rundt halsen”. Me måtte gå heilt til Særhuglo, fortalde Torvald, for det var der dei hadde foreiningsstuten, hos Torstein Bergersen. Og så traff det seg så uhledig at det var slikt hålkeføre, det var så gølatt som det går an å bli. Ikkje veit eg kven som berga seg best, om det var Gråduo med sine fire bein nedpå, eller eg og Anna med kvar sine to. Anna hadde eit par svære mannfolksko, og utapå dei hadde ho trekt grovstrikka sokkar. Me kom no til Sørhuglo omsider. Eg sto ute med kua, og eg høyrde det tok til å brutla med kjetting inni flóren, det skrapte langs flórdøra, og der kom den store stuten ut. Eg tykte eg kon vél nær det store hovudet, dei svære naseborene som eg kjende den varme pusten frå . . . .Men så vart det til at kua skulle setjast inn i flóren hjå Bergersen til dess veien vart gåande, og me tok på heimvegen utan kua, Anna og eg.