Store og små møtte opp då Huglo santalforeining arrangerte basar i bedehuset fredag ettermiddag. Mange hadde gitt gevinstar, og alle kjøpte lodd. Som vanleg var det mykje god mat!
Aud Else Vesetvik frå regionkontoret var på besøk. Ho viste bilete og fortalte om misjonsarbeid i Bangladesh.
Foreininga er svært nøgd med basaren sidan dei fekk inn over 18 000 kr!