Mattilsynet har sine positive sider, også. Til dei høyrer regelbundne vassprøver og prøver av skjel langs kysten vår. For Sunnhordland er prøveplassen på Bømlo. Til no har me kunna kose oss med eigenfiska blåskjel. Men siste varselet seier: IKKJE spis sjel! Skjela har forekomst av nervegifta PSP over faregrensa (Paralytic Shellfish Poisoning toksin). Fyrste symtom på at du har fått i deg skjel med denne gifta, er nummenheit i leppe og tunge, og nummenheita brer seg i kroppen. Det er heilt naudsynt å kontakta lege!
Men sjekkar ein Mattilsynet sitt blåskjelvarsel og følger råda der, skulle ein vera ganske trygg om ein får lyst til å kosa seg med bålgrilla blåskjel på båtturen.
Forresten: No er sjøtemperaturen 13 grader!