Bokbåten Epos kjem til Huglo!

Tysdag 13.april kjem bokbåten til Huglo,
kl: 12.30-14.30, programmet startar 12.30
Programmet ein kan venta seg, vert denne gangen “Trøbbel i trapesen”, av og med Ola Bremnes.
I programmet “Trøbbel i trapesen” fortel trubadur og forfattar Ola Bremnes frå boka si med same namn. Hovudpersonen heiter Leif Boleros og er 10 år. Han og foreldra er akrobatar på eit sirkus. Leif er lei av sirkuslivet, og lurer på korleis der er å vere “heilt vanleg” – ikkje ein berømt akrobat som alle kjenner igjen. Men korleis er det i grunnen å vere “heilt vanleg”, og å møte andre “vanlege” born? Og kva hender med sirkuset når familien tek permisjon?

Programmet høver best for skuleborn, og varer i omlag 25 min.
(tekst henta frå informasjonsbrosjyren til bokbåten epos, www.bokbaten.no/klubben)

Skuleborn på bokbåten