Rett før klokka 19.00 fekk Haugaland og Sunnhordland politidistrikt melding om at det var husbrann på Nordhuglo. Det var huset til Leif Nordtveit som brann. Ingen av dei fem som bur i huset var heime då brannen starta. Borna var med bestemora som bur rett nedanfor, medan begge foreldrene var på foreldremøte på Huglo skule då dei fekk beskjed om at det brann i huset deira. Brannen starta på badet i første etasje, men spreidde seg ikkje vidare i huset på grunn av svært god innsats av Huglo branndepot.
Brannvesenet på stord kom med ferja i lag med politi, men då var brannen under kontroll. Brannårsaka er så langt ukjend.