Det var stor aktivitet og mykje trafikk til og frå på ryddedagen sist laurdag. Utruleg kva som samlar seg av ting me ikkje ser nytta av lengre – på eit år! Me kvittar oss med møbler, madrassar, syklar og kvitevarer – og datautstyr. Mykje datautstyr. Er me kjøp- og kast generasjonen heller enn, som før, bruk- og kast? Ille nok, det. Og kor vert av av all søpla? Fint med sortering, men kva så? Kjem me til å druka i vårt eige søppel – eller er det nettopp det ein førebyggjar ved å rydda som me gjer?
Dagens beste historie handlar om Nils Elde og Albert Eikeland: Elden bar til containarane det han hadde framme i bilen, og den hjelpsome Albert bar bort det han fann i bakskotten. Haken var berre det at det som låg bak i bilen, var nyinnkjøp til hytta! Fram og tilbake er like langt – men somme tider er det dobbelt så langt. Men no er nyinnkjøpa på plass i hytta. For i år.
Det var mykje folk