“Det er det jeg elsker med Huglo!, sa Kjersti som introduksjon til Quiss og pizza. Når ein får ein idé og arrangerer noko, kjem det masse folk!” Og det var ein “underdrivelse”. Arrangørane, Kjersti og Huglabutikken, måtte finne fram mange fleire bord, og folk fekk seg stolar frå husa omkring “torget”.
Spørsmåla i quissen var akkurat så vanskelege at Tveitalaget vann med 29 av 48 poeng (ca. 60% rett), 2-3 andre lag fekk 28 poeng, og det lønte seg å ha ung ungdom på laget. Og pizza var populært, sjølvsagt.
Dette kan verta ein fin påsketradisjon, me treng berre å behalda eldsjelane blant oss. Takk!