Sundag auste det ned, alt var søkkvått og det var mange fleire bekkar enn dei som sto på kartet. Då er det ekstra oppmuntrande at posten, i staden for å vera gjøymt mellom “lite stup” og nokre digre einerbuskar, lar seg sjå på minst 50 meters avstand. Me ynskjer oss fleire slike postar! Ivrig klyv me opp på ei bratt kolle, når me har sett at dette er rett kolle, me har gleda av å ha sett at posten ligg der oppe.
Er målet med turorienteringa at folk skal komma seg ut og verta kjend med terrenget og naturen på Huglo, skulle det vera nok at ein fann rett stup eller rett kolle, posten treng vel ikkje vera gjøymd bak ein stein eller i ein dump i terrenget?
Når det er sagt, takkar me turorienterarane audmjukt for alt det arbeidet dei som legg ut postane, gjer for at me andre skal ha dette strålande aktivitetstilbodet på Huglo.