Dugnad i barnehagen

Det er blitt gjort mykje godt arbeid i barnehagen den siste månaden. Huset byrjar å bli klart for den vesle familien som flyttar inn 30. desember.

IMG_0752

Det gjenstår likevel noko arbeid, og bygdalaget håpar så mange som mogleg har høve til å vera med på å få huset klart.
Det vert dugnad tysdag 17. desember og torsdag 19. desember frå kl 18.00. Arbeid som skal gjerast: montering av kjøken, maling, montering av skap og møblar, vask og rydd, m.m.

Vel møtt til triveleg dugnad!

IMG_0753

IMG_0751