Ein dag å vera takksam for – noko óg presten minte oss om i den tradisjonelle 17.mai gudstenesta.
Det var etter flaggheising, musikk med korpset og tale for dagen ved Per Egil Sæter. Han repeterte historia for oss om starten på det heilt sjølvstendige demokratiet Norge, noko som ikkje er ei selvfølge i alle land. Mange tankar går nok til Ukrainia i dag –
Etter 17.mai tog med litt avgrensa rute etter ynskje frå musikantana, var det matøkt, og så full fart ut på skuleplassen der leikar og konkurranser gjekk av stabelen.
Her var noko for alle aldre, men sant nok, det er ikkje så mange barn i oppegåande alder på Huglo, så kanskje dei vaksne hadde det aller mest moro med hesteskokasting, skyting med luftgevær, lengdehopp og ei løype med fleire postar og kåring av lokal meister. Men kasting på boksar er aldri feil, og så var det sjølvsagt fiskedam!
Hjarteleg takk til alle som har delteke i forbereidingar, gjennomføring og ikkje minst rydding etterpå. Vel blåst! Dette kan me på Huglo!