Snøklokkane har lenge blomstra over heile hagen og me trur det er våren som har kome – og så vert me lange i maska når snøveret kjem og og det er på med vottar og lue og bilen må kostas om morgonen. Men onsdag kom eit nytt vårteikn, og det kom til Huglabutikken: Ein heilt ny, ekstra stor fryseboks og halvparten av plassen var fyllt opp med ispinnar av mange slag! Skikkeleg is å halda i handa har ikkje vore å få i butikken i heile vinter, men nå er dei her, så nå kan soldagane berre komme! I dag, laurdag, kunne ein sitja ute med årets fyrste is – om ein berre fann seg ein solkrok i le for nordavinden. Me er optimister for vinterferien – og påsken.
Del dette innlegget