Dette vert det siste Eldretreffet før sumarferien. Me samlast i Huglo Bygdahus
onsdag 12.d.m. kl 15 – 17
Det vert som vanleg god kaffemat. Og god tid til drøs.
I tillegg vert me bittelitt kjend med Magnus Lagabøter sin Landslov. Lova fyller i år 750 år. Kva seier denne lova om samfunnet for 750 år sidan? Har nær-verda vår gått mykje framover?
Vel møtt til alle!