På siste Eldretreff vart me samde om ein tur til Myrdal Gard 5.juni. Dessverre har ikkje Myrdal starta sumarsesongen, så dei har berre ope i helgane. Håheim Gard er eit alternativ. Me kan sjå den vakre hagen og spise 2 rettars lunsj i eit eige rom. Prisen er kr 490,- + drikke. Dette gler me oss til, og håpar at mange vil vera med på turen. Dersom nokon andre enn den “faste” Eldretreffgruppa har lyst, er dei velkomne!
Påmelding til Hedvig, tlf 413 34 436 innan torsdag 1.juni kl 12.00.
5.juni tar me 11.35-ferja frå Huglo. Fint om dei som kan kjøyra, seier frå.
Vel møtt!!
(Biletet er frå turen me hadde i fjor)