Huglamesse

Error: please reset date.

Dette er 10. året Huglo Bygdekvinnelag arrangerer denne messa, der alle med tilknyting til Huglo, kan stille ut og selja eigne produkt.

Laurdag 27.oktober stiller atter ein gong ulike utstillarar ut dei handlaga produkta sine. Her vil ein finne keramikk, skinnprodukt, tova tøflar, trearbeide, saumarbeide, mat og mykje anna flott!

Messa er i gymsalen på skulen og er open frå kl. 12.00 – 15.00. Det vert sjølvsagt kafè med gode kaker og anna.

For å markera 10.års jubileet, er det invitert inn gjester:  Johanne Langeland kjem med keramikk og Tor Magne Tananger sel  óg eigne produkt.